Standardforskrift for hushaldningsavfall

Styret i NoMil har gjort følgjande vedtak i sak 19/19:

«Styret i NoMil innstiller ovanfor kommunane å vedta framlegg til revidert «Standardforskrift for hushaldningsavfall» gjeldande frå 01.01.2020.»

 

Høyringsfrist: 7. august 2019

Bakgrunn:
Standardforskrift for hushaldningsavfall regulerer forholdet mellom NoMil, kommunane og abonnentane. Gjennom standardforskrifta gjev kommunane NoMil løyve til å stå for gjennomføring av ordninga med tvungen kommunal renovasjon. Gjeldande standardforeskrift er sist revidert i 2011 i samband med at Vågsøy kommune vart medlem i NoMil. Kommunereforma fører til vesentlege endringar i eigarstrukturen i selskapet. Selje og Eid vert nye Stad kommune, Hornindal kommune går ut og Nye Kinn kommune kjem inn i NoMil frå 01.01.2020. Det er i tillegg behov for oppdatering av føreskrifta i samsvar med gjeldande regelverk og praksis.

 

Revidert Standardforskrift for hushaldningsavfall vert no lagt ut på høyring før endeleg vedtak i eigarkommunar. Høyringsutkastet byggjer på gjeldande føreskrift, og med forslag om endringar på nokon områder:

 

  • Føreskrifta legg opp til standardiserte renovasjonsordningar og like gebyr i alle eigarkommunane, som mellom anna inneber tvungen renovasjon for hytte- og fritidseigedomar.
  • Det er gjort tilpassingar i føreskrifta med omsyn til renovasjonsordningar i tettbygde strøk for å kunne levere ei effektiv teneste med god tryggleik for våre tilsette.
  • Den reviderte føreskrifta tydeleggjere i større grad ansvar, plikter og mandat innan områder som ein av erfaring ser har vore utydlege.
  • Føreskrifta er i sin heilheit revidert med omsyn til språk og nemningar, definisjonar, samt gjeldande lover og føreskrifter.

 

Styret i Nordfjord Miljøverk IKS sitt framlegg til revidert Standardforskrift hushaldningsavfall vert lagt ut på høyring på www.nomil.no.

 

Høyringsuttale skal sendast til e-post post@nomil.no eller til Nordfjord Miljøverk IKS, Eidsmona 14, 6823 Sandane.
 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset