Spelemidlar 2023 - Infomasjon om søkeprosess

Fylkeskommunen forvaltar og fordelar spelemidlar, som kjem av overskotet til Norsk Tipping og er administrert av Kulturdepartementet. Midlane skal nyttast til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i Vestland fylke. 

Idrettslag, friluftslivsorganisasjonar, velforeiningar og andre liknande lag og organisasjonar kan søkje om spelemidlar.

På nettsida idrettsanlegg kan de sjå retningslinjer for søknad og tildeling av spelemidlar.

 

Bremanger kommune sin plan for fysisk aktivitet for 2017 – 2020 er forlenga til å gjelde til og med 2023.

Planen ligg ute på kommunen sine heimeside. Trykk her for å lese .

I planen ligg oversikt over ordinære anlegg som kan søkje om spelemidlar i planperioden. Anlegg som ligg inne i planen vil kunne rullerast inn i handlingsplanen for 2023.

 

Nærmiljøanlegg kan søkast om utan at dei ligg inne i kommunedelplan.

 

Ein kan som før søkje spelemidlar til to kategoriar:
Ordinære anlegg
nye anlegg
rehabilitering av anlegg
helsesportanlegg
tilrettelegging av anlegg for funksjonshemma
Nærmiljøanlegg

 

Når andre enn kommune og fylkeskommune står som søkjar til store kostnadskrevjande anlegg (investering og drift), vert det kravd særskild grundige planar for finansiering og drift av anlegget. Dersom planane ikkje er godt nok dokumentert, vert ikkje søknaden godkjent.

 

Godkjent søknad er ikkje ein garanti for at eit anlegg løyser ut spelemidlar.
Søknad om spelemidlar skal leverast elektronisk her.

 


SØKNADAR FOR 2023


Føresegnene endrar seg noko frå år til år, og endringane finn de på www.idrettsanlegg.no. Her finn de og søknadsskjema og brukarrettleiing for det elektroniske søknadsskjemaet. Skjema som skal nyttast som vedlegg (kostnadsoverslag, rekneskapsskjema osb.) er tilrettelagt slik at søkjar kan fylle informasjon direkte inn i skjema. Når søknaden er ferdig utfylt og alle vedlegg som er kravd er lagt inn, klikkar de på ”Send søknad”.

 

Søknaden vert då sendt automatisk til Bremanger kommune, som kontrollerer denne og sakshandsamar for politisk prioritering før søknad om spelemidlar går til fylkeskommunen.

Vi rår til at dei som skal søkje om spelemidlar, set seg inn i bruken av elektronisk søknadsskjema i god tid. 

 

Dersom anlegget de skal søkje spelemidlar til, ikkje er registrert tidlegare, må søkjaren ta kontakt med underteikna for å få anleggsnummer. Bremanger kommune må registrere anlegget, før søkjar kan fylle ut søknaden og legge ved dei vedlegg som er kravd.

 

Kultur og fritid har sett av tysdag 8.november frå kl 13.00 til rettleiing om søknad. Ta kontakt med servicekontoret for å avtale tid dersom din organisasjon vil søkje om spelemidlar for 2023 og de har behov for rettleiing. Det er viktig at det er gjort styrevedtak om at laget skal søkje om spelemidlar før ein startar arbeidet med søknaden.

 

KRAV VED FORNYA SØKNAD 
Ved fornya søknad må søknaden leggast inn på nytt i årets søknadsrunde. Ein må gi ein status for framdrifta ved anlegget og gjere greie for eventuelle avvik/endringar frå tidlegare innsendt søknad (kostnadsoverlag, finansieringsplan, driftsbudsjett m.v)

 

SØKNADSFRIST til BREMANGER KOMMUNE: 15. NOVEMBER 2022

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset