Spelemidlar 2019

Informasjon om søknad/søknadsskjema

 

Bremanger kommune vedtok plan for fysisk aktivitet gjeldande frå 2017.

Planen ligg ute på kommunen sine heimeside. I planen ligg oversikt over ordinære anlegg som kan søke om spelemidlar i planperioden.

 

Nærmiljøanlegg kan søkast om utan at dei ligg inne i kommunedelplan.

 

Ein kan som før søkje spelemidlar til to kategoriar:

  • Ordinære anlegg
    • nye anlegg
    • rehabilitering av anlegg
    • helsesportanlegg
    • tilrettelegging av anlegg for funksjonshemma
  • Nærmiljøanlegg

 

Når andre enn kommune og fylkeskommune står som søkjar til store kostnadskrevjande anlegg (investering og drift), vert det kravd særskild grundige planar for finansiering og drift av anlegget. Dersom planane ikkje er godt nok dokumentert, vert ikkje søknaden godkjent.

 

  • Godkjent søknad er ikkje ein garanti for at eit anlegg løyser ut spelemidlar.
  • Søknad om spelemidlar skal leverast elektronisk på www.idrettsanlegg.no 

 

Søknadar for 2019

 

Føresegnene endrar seg noko frå år til år og endringane finn de på www.idrettsanlegg.no. Her finn de og søknadsskjema og brukarrettleiing for det elektroniske søknadsskjemaet. Skjema som skal nyttast som vedlegg (kostnadsoverslag, rekneskapsskjema osb.) er gjort slik at søkjar kan fylle informasjon direkte inn i skjema. Når søknaden er ferdig utfylt og alle vedlegg som er kravd er lagt inn, klikkar de på ”Send søknad”. Søknaden vert då sendt automatisk til Bremanger kommune/ved kultur, som kontrollerer denne og vidaresender til fylkeskommunen innan fristen.

 

Vi tilrår at dei som skal søkje om spelemidlar, set seg inn i bruken av elektronisk søknadsskjema i god tid.


Dersom anlegget de skal søkje spelemidlar til, ikkje er registrert tidlegare, må søkjaren ta kontakt med kultursjefen for å få anleggsnummer. Bremanger kommune må registrere anlegget, før søkjar kan fylle ut søknaden og legge ved dei vedlegg som er kravd.

 

Frist for innsending til Bremanger kommune er i år sett til 15. november.

 

Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning

 

Alle anlegg skal ha en idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning som ikkje er eldre enn to år. Søknad om slik godkjenning gjerast til teknisk eining ved Magnhild Myklebust. For at godkjenning kan gjevast må alle vedlegg følgje søknaden. Søknadsskjema finn du her.

 

Ein må rekne om lag tre veker handsaming av søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning.

 

Ved ny søknad på nytt anlegg/rehabilitering av anlegg, skal skjema fyllast ut og følgjande vedlegg følgje søknaden for at den skal bli godkjent:

 

Vedlegg 1      Idrettsfunksjonelt førehandsgodkjende planar for anlegget med behovsoppgåve (teknisk driftseining/kulturdepartementet)

Vedlegg 2      Detaljert kostnadsoverslag (skal vere sett opp slik at det let seg kontrollere). Totalkostnaden for anlegget skal oppgjevast ( fordelt på kostnader med og utan rett til spelemidlar) Administrasjonskostnader, medreknar utgifter til revisjon, kan maksimalt utgjere 5% av godkjent kostnadsoverslag.

Vedlegg 3      Finansieringsplan – utgreiing og dokumentasjon for dei einskilde postane

Finansieringsplanen skal gjere greie for og dokumentere finansieringa av dei      samla kostnadene for anlegget.

  • Eigenkapital skal stadfestast med kontoutskrift
  • Kommunalt/fylkeskommunalt tilskot må vere stadfesta m/ kopi av vedtak
  • Kommunal/fylkeskommunal garanti må vere stadfesta m/kopi av vedtak
  • Private gåver/tilskot, rabattar, material o.l. skal vere stadfesta m/underskrive gåvebrev (kan nytte marknadspris, minus mva)
  • Dugnadsarbeid, eige dugnadsoversyn. Skal reknast ut av ein kvalifisert fagperson.

 

Vedlegg 4      Forvaltning, drift, vedlikehald og utviklingsplan m/budsjett

 

Vedlegg 5      Dokumentasjon på rett til bruk av grunn

                        Kopi av tinglyst skøyte på tomt eller 40-årig leigeavtale med grunneigar

 

Når det gjeld søknad om spelemidlar til nærmiljøanlegg så er krava noko annleis, m.a. er det krav om 20-årig feste/leigeavtale.

 

Kulturkontoret har satt av tysdag 30. oktober til å hjelpe til å fylle ut søknadar. Treng du hjelp til dette, kom innom denne dagen, så legg vi inn søknaden saman med dykk. Hugs at alle vedlegg må være klare før utfylling av søknad.

 

Krav ved fornya søknad

Ved fornya søknad må søknaden leggast inn på nytt i årets søknadsrunde. Ein  må gi ein status for framdrifta ved anlegget og gjerast greie for eventuelle avvik/endringar frå tidlegare innsendt søknad (kostnadsoverlag, finansieringsplan, driftsbudsjett m.v)

 

Gå elles inn på www.idrettsanlegg.no for å sjå retningslinjer for søknad og tildeling av spelemidlar.

 

 

Søknadsfrist til Bremanger kommune: 15. november 2018

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset