Barnehagane i Bremanger
I Bremanger kommune har vi 7 kommunale barnehagar.
Desse er:
• Davik barnehage
• Kalvåg barnehage
• Kolset barnehage
• Langeneset barnehage
• Stasjonen barnehage
• Svelgen barnehage
• Ålfoten barnehage
Opptak til barnehagane 2021/2022
Det er samordna opptak til barnehagane.
Søknadsfristen for hovudopptaket i barnehagane er 1. mars. Dette gjeld for barn som skal ta til i barnehagen hausten 2021.
Føresette søkjer elektronisk. Elektronisk søknadsskjema finn du her. Dei som treng rettleiing for å søkje, kan ta kontakt med ein av barnehagane i Bremanger.
Barnehagen kan også gje svar på spørsmål vedrørande søknad og opptak. Innkomne søknader vil verte handsama i den einskilde barnehagen i løpet av mars månad. Søkjarane vil få svar kring 1. april.
Ingen hushald skal betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass.
Du finn meir info om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid her.
Kommunalsjefen for oppvekst
Bremanger kommune