Søknad om barnehageplass i Bremanger kommune hovudopptak 2022

Barnehagane i Bremanger

I Bremanger kommune har vi 7 kommunale barnehagar.

Desse er:

  • Davik barnehage
  • Kalvåg barnehage
  • Kolset barnehage
  • Langeneset barnehage
  • Stasjonen barnehage
  • Svelgen barnehage
  • Ålfoten barnehage

Opptak til barnehagane 2022/2023

Det er samordna opptak til barnehagane.
Søknadsfristen for hovudopptaket i barnehagane er 1. mars. Dette gjeld for barn som skal ta til i barnehagen frå hausten 2022.

 

Føresette søkjer elektronisk. Elektronisk søknadsskjema finn ein på Bremanger kommune si heimeside. Dei som treng rettleiing for å søkje, kan ta kontakt med ein av barnehagane i Bremanger.

 

Barnehagen kan også gje svar på spørsmål vedrørande søknad og opptak. Innkomne søknader vil verte handsama i den einskilde barnehagen i løpet av mars månad. Søkjarane vil få svar kring 1. april.

 

Ingen hushald skal betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass.

 

Du finn meir info om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid på Bremanger kommune si nettside.

 

Kommunalsjefen for oppvekst

Bremanger kommune

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset