Skatteoppkrevjar etter 1. november

Frå 1. november 2020 har Skatteetaten teke over  ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene frå kommunen. Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.

Oppgåvene som er ført over til Skatteetaten er mellom anna handsaming av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytt til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.


Du finn meir informasjon på skatteetaten.no. Her finn du svar på mange spørsmål og du har moglegheit, via nett, å sende inn spørsmål, søknadar, bestilling av utskrifter, klager og liknande.

Treng du meir hjelp, kan du kontakte Skatteetaten på telefon 800 80 000.


Rettleing av publikum ved skattekontora er no som følgje av koronasituasjonen berre tilgjengeleg for tilfelle der det er nødvendig med personleg oppmøte. 

 

Spørsmål om skatteoppkrevjaroppgåver rettast til skatteetaten.no eller telefon.  

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset