Planstrategi 2017-2020

 Framlegg til planstrategi for Bremanger kommune perioden 2017-2020 vart vedteken av kommunestyret 15.06.17.

Den kommunale planstrategien er ikkje ein plan, og såleis ikkje ein arena for å vedta mål og strategiar, men for å drøfte utviklingstrekk i kommunen som samfunn og organisasjon.

Planstrategien skal gje ei oversikt over kva planoppgåver som skal prioriterast for å møte kommunen sine behov i planperioden.

Gjennom vedtaket av den kommunale planstrategien skal kommunestyret mellom anna ta stilling til om kommuneplanen heilt eller delvis skal reviderast. Under utarbeiding av planstrategien hadde statlege og regionale organ og nabokommunane høve å komme med synspunkt.

Forslaget til planstrategi vart offentleggjort 30 dagar før handsaminga i kommunestyret.

 

Planstrategien er retningsgjevande for kommunen si planlegging, og har ikkje direkte rettsverknad for innbyggjarane i kommunen. Det er såleis ikkje klagerett på planstrategien.

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset