Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa fortel korleis Bremanger kommune samlar inn, vernar og brukar opplysingar om personar.

Når du kontaktar kommunen

Når du sender brev eller elektronisk post til kommunen er vi pliktige til å journalføre det. Brevet vert publisert på postlista og alle som ønskjer det får då innsyn i innhaldet gjennom søk på kommunen sine heimesider. 
 

I nokre tilfelle kan innhaldet i brevet vere unnateke offentlegheit, då vil det ikkje kome på postlista. Brevet vert likevel journalført og handsama av kommunen. Det er eit viktig prinsipp at kommunen er open og at dialogen du har med kommunen vert sikra for ettertida.

 

Du har rett til å bestemme over dine eigne opplysingar og du skal som hovudregel gje samtykke til at vi kan bruke dei. Kommunen skal rette seg etter det du bestemmer. Det er likevel slik at kommunen kan hente inn opplysingar om deg, utan at du har sagt ja til det, der det er nødvendig for å utøve offentleg mynde. Vi har ikkje lov til å hente inn meir opplysingar enn det vi treng. Du har rett til å be om innsyn i dei opplysingane vi har samla om deg.

 

Kommunen leverer mange tenester og brukar ulike støttesystem i dette arbeidet. Fleire av desse systema inneheld personopplysingar. Døme på slike opplysingar er personnummer, namn, adresse, e-post, telefonnummer og underskrifter. Nokre av systema våre inneheld også sensitive personopplysingar. Døme på dette er innan helse- og omsorg der vi tar vare på informasjon om helsa di.

 

Du har rett på innsyn i kva informasjon kommunen har samla om deg, og du skal kunne rette opp opplysingar som er feil. I nokre tilfelle kan du, ved å trekke tilbake samtykket, kreve at kommunen slettar informasjon som er lagra om deg. I andre tilfelle har kommunen ei plikt til å samle og ta vare på personopplysingar om deg, sjølv om du ikkje ønsker det.

 

Sjå oversikt over norske lover som gjev oss slikt løyve. (PDF, 213 kB)

 

All informasjon er lagra i Noreg og det er dermed norsk lov som gjeld når du ber om innsyn eller endringar av informasjonen vi har lagra om deg.

 

Slik får vi informasjon om deg

 

Vi får opplysingane frå deg gjennom søknadar, brev og e-postar du sender til oss. Informasjonen vert nytta når vi yter deg tenester. Viktig informasjon om helsa di kan, dersom det er behov for det, sendast vidare til sjukehus. Sjukehuset vil sende helseinformasjon om deg attende til kommunen når du er ferdig med behandlinga der.

 

Kontaktinformasjon

 

Rådmannen er ansvarleg for korleis kommunen handsamar personopplysingane dine. Du kan kontakte han ved å ringe sentralbordet på telefon 57 79 63 00 eller sende e-post til post@bremanger.kommune.no

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset