Pårørandeskule

Kurstilbod/samtalegruppe

Demensteamet i Bremanger kommune vurderer oppstart av ny pårørandeskule i mars 2019. For å arrangere dette må vi vite om der er interesse for dette blant innbyggjarane. 

Gje oss ei tilbakemelding innan 15.desember 2018 om du kan ha interesse for dette. 

 

Kva er pårørandeskule?

Pårørandeskulen er eit kurstilbod som gjev kunnskap om demens og kva følgjer demens kan ha. Kurset er meint for pårørande og andre som er rundt personen med demens. Kursdeltakarane vil få gode faglege førelesningar, plenums- og gruppesamtalar, møte fagpersonar med kompetanse på demens og møte andre mennesker i same situasjon


Målsetjinga er å:

  • Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar
  • Betre kvaliteten på samværet med personar med demens
  • Auka kunnskap til aktuelle lover og rettigheter, korleis kontakte og samhandle med hjelpeapparatet
  • Styrke dei pårørande gjennom ein open dialog i trygge omgjevnader

 

For interesse, nærare opplysningar eller andre spørsmål ta kontakt med Demensteamet i Bremanger:

 

  • Linda Førde, geriatrisk sjukepleiar, Svelgen omsorgssenter

        Tlf 91658527, e-post lf@bremanger.kommune.no

  • Aud Grotle, geriatrisk sjukepleiar, Bremanger sjukeheim

        Tlf 90116912,  e-post aud.grotle@bremanger.kommune.no

  • Siv Holmøy, vernepleiar, open omsorg Davik
  • Elin Grotle Røys, hjelpepleiar Bremanger Sjukeheim
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset