ParkeringskortLytt til tekstenStopp avspillingParkeringskort for forflytningshemma gjev deg høve til å parkere på offentlege parkeringsplassar merka for forflytningshemma, og er meint som ein kompensasjon for tapt gangfunksjon. Parkeringskort vert utstedt til deg som ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege deg over ei viss lengde, og derfor har særleg trong for å kunne parkere nær bustad, arbeid og/eller anna aktivitet. Du kan få parkeringskort som førar av motorvogn eller som passasjer dersom du har særskilde behov. Du må fylle ut eit søknadsskjema, og i tillegg må legen din fylle ut ei legeerklæring. Søknad om parkeringskort (digital søknad) Søknad om parkeringskort (papirskjema) (PDF, 2 MB) Legeerklæring (PDF, 594 kB) Servicekontoret handsamar søknaden din, ta kontakt med oss for rettleiing. Dersom parkeringskortet ditt er gått ut på dato, må du søkje på nytt. Informasjon på nettsida til Statens vegvesen Forskrift om parkeringsløyve for forflytningshemma Publisert av Stine Senneset Sist endra 01.08.2022 08.46