Oppstart av namnesak - Kunngjering

Kartverket reiser ny namnesak for Kollsete/Kolset etter føresegnene i §8 i lov om stadnamn. I tillegg tek Kartverket med nokre fleire namn i Bremanger kommune for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk. 

I tillegg til primærnamna er også avleidde namn med i saka.


Namnesaka gjeld fylgjande namn:

 

Namn m/ avleiingar Namneobjekt Merknad frå kartverket
Kollsete / Kolsete / Kolset / Kollset / Kollsæter Gard 86  
Indre Kollsete / Kolsæter Bruk 86/1  
Ytre Kollsete / Kolsæter Bruk 86/2  
Kolset bustadfelt Bruk 86/16  
Kolset Bruk 86/17, 18, 19, 20, 22, 23  
Kollsetvika Vik i sjø  
Kolsætvik / Kollsetvik Bruk 87/2  
Nordre Kollsetegrunnen / Kreksa Grunne i sjø  
Kolsethaugen Haug  
Kollsetdalen Dal  
Kollsetelva Bekk  
Kolset oppvekst Oppvekstsenter  
Gjegnet / Gjegnen / Jegnen / Blånibba / Uksen / Oksen Fjell Finst både Gjegnen og Gjegnet som uttalevariantar i nærliggjande bygder?
Gjegnalunden / Gjengnalunden Bruk 114/8  
Gjegnalundsbreen Isbre  
Ålfot- / Gjegnalundsbreen statsallmenning Bruk 118/1 Gjeld berre namneleddet Gjegnalundsbreen
Hælen Nes i sjø  
Hælen lykt Fyrlykt  
Hæleneset /Hælneset Nes i sjø  
Hælvika Vik i sjø  
Hælmyra Myr  
Hælkråa / Hælkråna / Hælkrona Vik i sjø Er Hælkråa og Hælkrona same namneobjekt? Kva er evt rett plassering?
Hælkrona / Hælkråa / Hælkråna Vik i sjø Er Hælkråa og Hælkrona same namneobjekt? Kva er evt rett plassering?
Hælkollen Ås  
Nørdre Fleda / Nørdreflua Skjer i sjø Ligg aust for Vengane
Søreflua / Søre Fleda Skjer i sjø Ligg aust for Vengane


 

For meir informasjon om namna kan ein sjå temakartet «Stedsnavn» på Kartverket si innsynsløysing her.

 
Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av tradisjonelle gards- og bruksnamn og for naturnamn. Eigarar og festarar har rett til å uttale seg om gards- og bruksnamn og lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til. Det er kommunen sitt ansvar å kunngjere at namnesaka er reist og innhente og samordne dei lokale høyringsfråsegnene.


I samband med vegadresseprosjektet har formannskapet i Bremanger kommune vedteke  vegnamnet Kolset (vegnr. 4706), men adressenamnesaka er sett på vent til skrivemåten av primærnamnet er vedteke.

 

Namnesaka vert lagt ut til høyring på kommunen si heimeside, med papireksemplar på servicekontoret på Rådhuset i Svelgen.

 

Slik sender du inn merknad

Merknad skal sendast til Bremanger kommune, Pb. 104, 6721 Svelgen eller til post@bremanger.kommune.no innan 15.februar 2020.
 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset