Oppheva bålforbod

Brannsjefen opphevar no totalforbodet mot å gjere opp eld utandørs.

Samstundes vil en minne om faren som kan oppstå ved å gjere opp eld dersom det blir svært tørt igjen.
Det kan bli aktuelt å innføre nytt totalforbod på kort varsel, så difor er det viktig å følge med på heimesida til kommunen om dette.

Alle pliktar å syne varsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann.
Det er forbode å gjere opp eld eller behandle brannfarlege gjenstandar utandørs under slike forhold eller på en slik måte at det kan føre til brann. Oppgjort eld må ikkje forlatast før den er fullstendig slukka.


Det er i tidsrommet 15. april til 15. september forbode å gjere opp eld i eller i nærleik av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen.

Husk alltid å informere om dette til Alarmentralen (57751400)

Dersom brenning kjem ut av kontroll kan du risikere å bli gjort erstatningspliktig for faktiske utgifter til brannvesenet.

 

Publisert av Karoline Røys. Sist endra 06.08.2018
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering