Ope møte om detaljregulering fv 614 Svelgen-Indrehus

Offentleg ettersyn Detaljregulering fv. 614 Svelgen-Indrehus

Vestland fylkeskommune inviterer til ope møte der informasjon om planforslaget vert lagt fram og det vil verte rom for å stille spørsmål. Møtet vil finne stad på Bremanger rådhus, torsdag 19.01.23, kl. 17.30.

 

I samsvar med plan- og bygningslova §12-10 og  §3-7 vert framlegg til detaljregulering for fv.614 Svelgen-Indrehus lagt ut til offentleg ettersyn.

 

Føremålet med planframlegget er å legge til rette for bygging av ny fylkesveg 614 mellom Svelgen og Indrehus, der Myklebust er sluttpunktet for planstrekninga. Vegutbetringa på denne parsellen vil vere eit ledd i utviklinga av Kystvegen gjennom tidlegare Sogn og Fjordane, og vil bidra til å oppnå målet om 45-minuttsregionen med vesentleg nedkorting av reisetid, betre framkomst og auka trafikktryggleik.

 

I planen er det sett av naudsynt plass til tilhøyrande deponiområder, riggområde mm..

 

Innspel

For meir informasjon og saksdokument, sjå Vestland fylkeskommune sine nettsider

 

Vi ber om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar seinast 06.februar 2023.

Merknader og synspunkt til planarbeidet kan sendast inn på følgjande måtar:

 

På e-post: post@vlfk.no

Med vanleg post: Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen

 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset