Nytt val for ungdomsrådet

Har du bustadadresse Bremanger, går på vidaregåande og har lyst til å vere med å forme Bremangersamfunnet i framtida? Les informasjonen under og søk om å få kome med!

 

Hausten 2022 er det nytt val til ungdomsråd i Bremanger kommune

 

Kva er eit ungdomsråd?

Ungdomsrådet i Bremanger er ungdommen sitt talerør ovanfor politikarane og det skal ha ei rådgjevande rolle for kommunen. Rådet skal representere ungdommen sine interesser i kommunen og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom. Ungdomsrådet kan også ta opp eigne saker. I Bremanger har Ungdomsrådet talerett i kommunestyret. Kommunestyret kan gje rådet mynde til å fordele bevillingar, dei kan få i oppgåve å bestemme korleis dei skal bruke pengar, t.d. kva arrangement eller organisasjonar som skal få støtte ved delegert vedtakskompetanse.

 

Kven kan vere med i Ungdomsrådet?

Ungdomsrådet skal ha 7 medlemmar og medlemmane skal på valtidspunktet vere frå 13 år og ikkje ha fylt 19 år (jf. Kommunelova § 5-12, 3.avsnitt). Den som vert valt må ha adresse i Bremanger kommune, men treng ikkje å bu i Bremanger kommune. Begge kjønn skal vere representert med minimum 40%. Medlemmane i rådet blir valt for inntil to år om gangen.

 

Valprosessen

Kommunestyret vel medlemane i Ungdomsrådet etter framlegg frå elevråda i kommunen og samansetnaden skal vere etter følgjande fordeling:

  • 1 til 2 representantar frå Svelgen oppvekstsenter
  • 1 til 2 representantar frå Hauge oppvekstsenter
  • 1 til 2 representantar frå Davik oppvekstsenter
    Representantane frå skulane treng ikkje vere medlem av elevrådet.

I tillegg skal det vere

 

Søknadsfrist 01.oktober 2022

 

Forventningar og krav til deg som medlem i rådet

Som medlem i Ungdomsrådet forventar vi at du deltek på rådsmøta for å seie di meining. At du stiller førebudd til møta, har respekt for dei andre medlemmane og at du gjev beskjed dersom du ikkje kan kome.

 

Rettar og plikter som medlem i ungdomsrådet

Som medlem i Ungdomsrådet har du rett til fri frå skulen eller fri frå jobb, dekking av utgifter til reise, møtebetaling (etter det som til ei kvar tid gjeld for godtgjering i Bremanger kommune). Som medlem i Ungdomsrådet har du plikt til å delta på rådet sine møte.

 

Har du spørsmål om Ungdomsrådet?

Har du spørsmål om Ungdomsrådet kan du ta kontakt med koordinator for Ungdomsrådet, Carina Solvåg: carina.endresen.solvag@bremanger.kommune.no, mob.nr: 916 58 53

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset