Nye bustadtomter på Kolset

Bremanger kommune har ledig 6 bustadtomtar på Kolset. 

Dersom du ynskjer å reservere tomt må du sende skriftleg søknad til Bremanger kommune, pb. 104, 6721 Svelgen eller på epost til post@bremanger.kommune.no.

 

Frå 1.juni 2021 vil tomtar bli tildelt fortløpande. Dersom det er fleire interessentar til same tomten vil fyrst innkomne søknad få reservert tomten, og dersom søknadane kjem samtidig vil tildeling bli avgjort ved loddtrekning.

 

Du kan få reservere tomt for inntil 6 månader i gongen, deretter vil ei eventuell forlenging av reservasjonen vere avhengig av at det ikkje er andre interessentar til tomten. For å få kjøpe tomten må du ha konkrete byggjeplanar, og kommunen har gjenkjøpsrett dersom ikkje byggjeprosessen er starta innan eit år etter tomtekjøpet. 

 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

 

  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset