I samband med anleggsdrifta har det vore provisorisk lys på den midlertidige gang- og sykkelvegen mellom Breivika og avkøyrsla til Klausen, og lysstolpane er blant utstyret entreprenørfirmaet tek med seg. Dermed er gang- og sykkelvegen mørklagt frå i kveld.
– Vår hovudprioritet er å sikre anlegga våre slik at ingen kjem til skade. Vi jobbar med å få plass ei løysing, men klarar ikkje det i dag. Om alt går som planlagt, vil det igjen vere lys langs vegen innan helga, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp.
Anna sikring av anleggsområdet, som rekkverk og autovern, vert ivareteke gjennom den ordinære vegdrifta.
Det melder Vestland fylkeskommune på sine nettsider.