Minnesvikt/demens

Kurstilbod/samtalegruppe for pårørande til personar med minnesvikt/demens i Bremanger kommune

Demenssjukdomar kjem ofte snikande og skaper uro både hos dei som er råka og deira næraste.


Er du pårørande til ein person med demens/minnesvikt/endring i åtferd?


Kva er pårørandeskulen?
Pårørandeskulen er eit kurstilbod som gjev kunnskap om demens og kva følgjer demens kan ha. Kurset er meint for pårørande og andre som er rundt personen med demens. Kursdeltakarane vil få gode faglege førelesningar, plenums- og gruppesamtalar, møte fagpersonar med kompetanse på demens og møte andre mennesker i same situasjon.


Målsetjinga er å:
-    Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar
-    Betre kvaliteten på samværet med personar med demens
-    Auka kunnskap til aktuelle lover og rettigheter, korleis kontakte og samhandle med hjelpeapparatet
-    Styrke dei pårørande gjennom ein open dialog i trygge omgjevnader

 

Nytt tilbod om pårørandeskule vil kome i oktober 2019 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset