Ledig stilling som oppsynsmann/kyrkjegardsarbeidar

Bremanger kyrkjeleg fellesråd har ledig 100 % stilling som Oppsynsmann for kyrkjer og kyrkjegardar/gravplassar, med tiltreding snarast råd.

Arbeidsoppgåvene er m.a. vedlikehaldsarbeid ved kyrkjer og kyrkjegardar/gravplassar og ansvar for at desse vert halde i orden. Arbeid med opning og lukking av grav er ein del av dette. Det er eit mål å vedlikehalde kyrkjegardane/ gravplassane slik at dei har ein verdig standard og kan vere ein god stad å kome til. For å nå dette målet, treng vi ein dyktig medarbeidar som kan bruke sin kompetanse på stell og vedlikehald av kyrkjegardane/ gravplassane, og som kan møte dei menneska som kjem dit på ein god måte. Vi ønskjer og ein person med kompetanse til å utføre vedlikehald på kyrkjene.

 

Tenesteområde for stillinga er heile kommunen. Det er utarbeidd instruks for stillinga.

 

Stillinga vert lønna etter avtale. Tilsetting skjer etter gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale med 6 månaders prøvetid. Pensjonsordning gjennom KLP.

 

Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkje og må ha førarkort, helst BE. Det er og ønskjeleg med sertifikat for andre typar maskiner, for eksempel gravemaskin. Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av gjeldande lover og føresegner, med 6 månader gjensidig prøvetid.

 

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje i Bremanger,

e-post: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no eller tlf. 91706595.

 

Søknad med kopi av attestar og vitnemål vert å sende: Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen, eller på e-post til kyrkjeverje innan 23.10.2022.

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset