Ledig stilling som Kyrkjelydspedagog/Trusopplærar

Bremanger kyrkjelege fellesråd har frå 15.08.2019 ledig 60 % stilling som kyrkjelydspedagog/ trusopplærar.

Søknadsfristen er 7. juni 2019.

Om kommunen

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir info om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no.

 

Om stillinga

Stillinga som kyrkjelydspedagog/ trusopplærar skal delast mellom ytre Bremanger og Rugsund, Davik og Ålfoten sokn.

 

Kyrkja i Bremanger ønskjer å formidle "Ein levande Gud" og vere ei levande kyrkje for folket i Bremanger. Vi har mange flotte ulønna og lønna medarbeidarar som gjer ein kjempeinnsats innan søndagsskular, barnekor og anna barne- og ungdomsarbeid.

 

Vi ønskjer å tilsette ein person som saman med sokneråda, dei andre tilsette og frivillige, kan vere med å løfte det kyrkjelege arbeidet fram, slik at vi kan femne bredt med våre tilbod.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Saman med dei andre trusopplærarane, ha fokus på dei kontinuerlige tiltaka og trusopplæringa i Bremanger.

Kyrkjelydspedagogen/ trusopplæraren vil inngå i teamarbeid med dei andre tilsette og ha påverknad i utforminga av stillinga.

 

Ønska kvalifikasjonar

  • Vi legg vekt på personlege eigenskapar som t.d. at ein liker å arbeide med born og unge.
  • Høgare utdanning innan pedagogikk og kristendom.
  • Anna høgare utdanning kan og vere relevant.
  • Du må vere sjølvstendig i ditt arbeid og ha evne til samarbeid.
  • God til å formidle gjennom ulike metodar, t.d. musikk, dans, idrett, friluftsliv, drama og forteljing.

Personar utan formelle faglege kvalifikasjonar kan og vere aktuelle for stillinga. Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest (barneomsorgsattest). Du må disponere bil.

Kyrkjekontoret i Kalvåg er utgangspunktet for kyrkjelydspedagogen sitt arbeid.

 

Meir om stillinga:

Løn etter avtale. Tilsetjing skjer etter gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Det er 6 månaders prøvetid for stillingane. Pensjonsordning gjennom KLP. Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.

 

Dersom du er interessert, ta gjerne kontakt med kyrkjeverje på tlf. 91706595.

 

Søknad sendast til: Bremanger kyrkjelege fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen, eller til: kav@bremanger.kommune.no, innan 7. juni 2019.

 

Heimeside: https://kyrkja.no/bremanger

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset