Ledig stilling som kyrkjelydspedagog/trusopplærar/sekretær/kyrkjetenar

Bremanger kyrkjelege fellesråd har frå 01.10.2020 ledig inntil 40 % stilling som kyrkjelydspedagog/ trusopplærar.

Frå 01.11.2020 er det og ledig inntil 25 % stilling som kyrkjelydssekretær.
Ønsker du ein spennande og utfordrane jobb, kunne vere med å utforme eigen jobb? Lyst til å bu i 
Norge i miniatyr, fjord, bre, fjell, strand og hav ? Då er Bremanger plassen for deg!

Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.600 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir info om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no 


Stillinga som kyrkjelydspedagog/ trusopplærar har som arbeidsområde ytre Bremanger og indre Bremanger, med hovudvekt på ytre Bremanger.


Stillinga som kyrkjelydssekretær har ytre Bremanger som arbeidsområde.
Kyrkja i Bremanger ønskjer å formidle EIN LEVANDE GUD og vere ei levande kyrkje for folket i Bremanger. Vi har mange flotte ulønna og lønna medarbeidarar som gjer ein kjempeinnsats innan søndagsskular, barnekor og anna barne- og ungdomsarbeid.


For stillingane ønskjer vi å tilsette personar som saman med dei andre tilsette, frivillige og sokneråda kan vere med å løfte det kyrkjelege arbeidet fram, slik at vi kan femne bredt med våre tilbod.


Arbeidsoppgåver, kyrkjelydspedagog / trusopplærar:


 Ha fokus på tiltak for dei ulike aldergruppene med hovudvekt på konfirmantar.
 Saman med dei andre trusopplærarane, ha fokus på dei kontinuerlige tiltaka og trusopplæringa i Bremanger.

Kyrkjelydspedagogen/ trusopplæraren vil inngå i teamarbeid med dei andre tilsette og ha påverknad i utforminga av stillinga.


Ønska kvalifikasjonar


 Vi legg vekt på personlege eigenskapar som t.d. at ein liker å arbeide med born og unge.
 Høgare utdanning innan pedagogikk og kristendom er ønskeleg.
 Anna høgare utdanning kan og vere relevant.
 Du må kunne jobbe sjølvstendig og ha evne til samarbeid.
 Evne til å formidle gjennom ulike metodar, t.d. musikk, dans, idrett, friluftsliv, drama og forteljing.

 

Personar utan formelle faglege kvalifikasjonar kan og vere aktuelle for stillinga. Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest (barneomsorgsattest). Du må disponere bil.

 

Arbeidsoppgåver, kyrkjelydssekretær:


 Sekretærfunksjon for sokneråda, fellesråd og prest i ytre Bremanger.
Opplæring vil bli gitt.

(Kyrkjekontoret i ytre Bremanger er utgangspunktet for begge stillingane)



Bremanger kyrkjelege fellesråd har og desse stillingane ledige som kyrkjetener / reinhaldar ved fylgjande kyrkjer:


 Midtgulen kyrkje: kyrkjetenar / reinhaldar
 Rugsund kyrkje: kyrkjetenar
 Bremanger kyrkje: kyrkjetenar
 Berle kyrkje: kyrkjetenar / reinhaldar
 Ålfoten kyrkje: kyrkjetenar


Hovudoppgåvene for desse stillingane, som kan bli inntil om lag 15% for kvar kyrkje, vil vere å hjelpe til ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar, samt å eventuelt foreta naudsynt reinhald og tilsyn med kyrkja. Stillingane er ledige omgåande.
Opplæring vil bli gitt.


Det kan bli mogeleg å slå fleire av stillingane saman til ei større stilling dersom ønskjeleg.
 

For alle stillinga gjeld:


Løn etter avtale. Tilsetjing skjer etter gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Det er 6 månaders prøvetid for stillingane. Pensjonsordning gjennom KLP. Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.


Dersom du er interessert, ta gjerne kontakt med kyrkjeverje på tlf. 91706595. Søknad sendast til: Bremanger kyrkjelege fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen, eller til: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset