Ledig stilling som Dagleg leiar/Kyrkjeverje

Bremanger kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som dagleg leiar/kyrkjeverje  i 100%. 
 

Stillinga som kyrkjeverje i Bremanger er ledig frå 15.08.2019 då noverande kyrkjeverje går av med pensjon.

 

Søknadsfristen er 7. juni 2019. 

 

Ansvarsområde/arbeidsoppgåver

Kyrkjeverje er dagleg leiar av fellesrådet si verksemd. Dette inneber ansvar for sekretariat og sakshandsaming for fellesrådet, administrasjon og planarbeid, budsjett og økonomistyring, personalforvaltning, administrasjon og drift av kyrkjegardar, forvaltning av kyrkjer og kapell, organisering av trusopplæringa, samt halde kontakt med sokneråda og kommunen.

 

Kvalifikasjonskrav

 Vi søker etter ein person 

  • med relevant utdanning på universitets-/høgskulenivå eller tilsvarande kompetanse innan administrasjon og økonomi, forvaltning, personalleiing og kyrkjeleg verksemd.
  • med god kjennskap til kyrkjeleg forvaltning og organisering.
  • med  innsikt i og interesse for kyrkja sitt arbeid, m.a. trusopplæring og gudstenesteliv.
  • som er løysingsorientert, kan arbeide sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og  evne til å sjå sine medarbeidarar, og som kan legge til rette for godt samarbeid mellom dei tilsette. 
  • har strategisk teft og eit tydeleg ønske om å fremje kyrkja si rolle i Bremanger kommune. 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.

 
Vi tilbyr:

Løn etter avtale, god pensjonsordning i KLP, høve til fagleg utvikling, ei god kommune å bu i for små og store og eit aktivt og engasjert fellesråd.

Tilsettinga skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon sine tariffavtalar. Det er 6 månader prøvetid.

 

Om kommunen

Bremanger kommune har 3900 innbyggarar og eit areal på ca. 830 km2. Det er eit særskilt vakkert område med fjordar, kystlandskap, vakre strender, høge fjell, isbrear, skogar og kulturlandskap, - eit Sogn og fjordane i miniatyr! 

 

I Bremanger er det 7 sokn, 8 kyrkjer/kapell og 12 kyrkjegardar. Fellesrådet har fleire tilsette som til saman utgjer ca. 8 årsverk. Det er to sokneprestar i kommunen med kyrkjekontor i Svelgen (Rådhuset) og Kalvåg.


Bremanger kommune har fleire tettstadar og bygder med Svelgen som kommunesenter. Kommunen har eit godt oppvekstmiljø med fleire skular, eit rikt organisasjons- og kulturliv, og gode høve for å vere med på ulike fritidsaktivitetar m.a.  innan idrett, friluftsliv og musikk.
Meir info om kommunen finn du her på heimesida.

 

Treng du fleire opplysningar?

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å ta kontakt med leiar for Bremanger kyrkjelege fellesråd, Olav Jarl Frøyen tlf. 48159133.

 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 7. juni 2019

Søknad sendast: Bremanger kyrkjelege fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen

 

Heimeside: https://kyrkja.no/bremanger
 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset