Steinvik Rensefisk AS søkjer om løyve etter akvakulturlova for produksjon av stamfisk av rognkjeks, med 12 tonn/år.
Produksjonen skal skje i eksisterande bygningar og anlegg for settefisk i Bortnen, og med inntak av sjøvatn frå Bortnepollen. Søknaden kan ein sjå på rådhuset i Svelgen, og på kommunen si heimeside.
Dersom ein har merknader til søknaden, sender ein desse til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, postboks 104, 6721 Svelgen.
Merknadsfrist er 8. mai.