Kven bør få klima- og miljøprisane i 2022?

Kjenner du til nokon i Vestland fylke som har gjort ein ekstra innsats for klima og miljø det siste året eller over tid? No kan du nominere personar, lag, organisasjonar og verksemder til Vestland fylkeskommune si årlege klima- og miljøpris med premie på 70 000 kr. Føremålet med prisen er å synleggjere og honorere det gode klima- og miljøarbeidet i fylket. 

I år deler Vestland fylkeskommune ut to klima- og miljøprisar. Den andre prisen delast ut for fyrste gong i 2022 og er øyremerka landbruket. Den skal heidre nokon som har gjort ein ekstra innsats anten det siste året eller over tid, ved å formidle eller ta i bruk løysingar som er klima- og miljøvennlege. Løysingane må òg fremje naturmangfald. Gardbrukarar, skogbrukarar, mindre organisasjonar, kommunar, næringsverksemder og FoU-verksemder, lag og andre former for fellestiltak og samarbeid som har vist særleg god innsats kan få prisen, som er på 30 000 kr.

Kven som helst kan nominere fram til fristen 28.februar. Ein kjem vidare til båe prisar via denne lenka.
 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset