Kulturminneløypa i Svelgen

Bakgrunn: I haust blei delar av prosjektet «SMELT, soga vår om Svelgen» gjennomført. Prosjektet har som målsetning å formidle og levandegjere historia til industristaden og kommunesenteret.  Kunnskap om historia til heimbygda vår gjev oss ein felles identitet og stoltheit for kva tidlegare generasjonar fekk til.

«SMELT» består av eit barnemusikkteater som skal spelast jamleg og ei kulturminneløype. Løypa fortel om utviklinga av Svelgen frå gardsbruka på Sande og Rise fram til industribygda i dag. Den kan brukast av unge og gamle, fastbuande og tilreisande.

 

Det er også planar om ei utstilling som skal vise utviklinga av industrien frå byrjinga fram til Elkem i dag.

 

Kulturminneløypa har til saman 28 infopunkt rundt om i Svelgen. Ved kvart punkt finn du eit lite metallskilt med ein QR-kode. Du brukar ein app på telefonen (QR-reader) som les av koden og leiar deg vidare inn på tekst og bilde. Du finn også lydopptak.  Nokre mobilar kan bruke kamera direkte for å lese QR-koden.

 

Historia startar ved Øyratunet, det eldste huset i Svelgen. På husveggen finn du to skilt. Nederst på kvar tekst finn du eit kart over Svelgen som viser kor du finn neste infopunkt. Løypa sluttar ved kapellet.

 

Action Track: Om du vil følge ei kortare løype og konkurrere om rette svar og poeng kan du bruke denne appen.

 
Du må laste ned appen og registrerer deg med namn. Du finn plakatar med ein QR-kode på biblioteket og rådhuset . Denne må du lese av, og då blir du leia vidare i eit kart som viser vegen. Spørsmål med svaralternativ blir varsla med eit PLING når du kjem til dei ulike infopunkta. Dette skjer automatisk når du nærmar deg punktet.

 

Viktig!

Du kan no låne nettbrett!

 

På biblioteket og Servicekontoret på rådhuset kan du no låne nettbrett med dei nødvendige appane klar for bruk. Her får du informasjon og hjelp om du treng det.

 

Vi håper at mange vil gå løypa. Her får du kunnskap om historia til Svelgen samstundes med litt mosjon. Det er ein god kombinasjon!


GOD TUR!

 

Kultureininga i Bremanger
 

 

 
 


 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset