Kartlegging av sjøaurevassdrag

Vestland fylkeskommune har hyra inn konsulent for kartlegging av fysiske inngrep, habitatkartlegging, ungfiskundersøking, og forslag på tiltak i eit utval elver.

Undersøkinga vil særleg handle om korleis sjøaure blir påverka, og kva grep som kan gjerast for å styrke fiskebestandane i elvene. Undersøkinga er ein del av oppfølginga av vassforskrifta, der kommunar i Vestland fylke samarbeider i 9 vassområde.

 

Det er konsulentselskapet NORCE, Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske, som skal utføre oppdraget. I felt skal dei registrere botnsubstrat, skjulforhold, gyteområde, elvemorfologi, vandringshindre, kantvegetasjon m.m. I tillegg skal dei fange ungfisk med elfiske og i enkelte elver også ta prøve av botndyr. Undersøkingane er planlagt utført i løpet av seinsommaren og hausten 2020.

 

Elvane som skal undersøkjast i Bremanger kommune er Dalevassdraget, Haugselva og Førdselva, alle på Bremangerlandet. Grunneigarar og lag og organisasjonar kan søkje om midlar til tiltak som konsulenten føreslår for å betra tilstanden for sjøauren.

 

For meir informasjon ta kontakt med vassområdekoordinator Staffan Henrik Hjohlman på e-post (Staffan.Henrik.Hjohlman@vlfk.no ) eller telefon 90402661.

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset