Kartlegging av område brukt til friluftsliv

Bremanger formannskap har i sak FSK-132/17 vedteke at det skal gjennomførast eit prosjekt der ein kartlegg område brukt til friluftsliv. Registreringa er ei temakartlegging der ein registrerer faktisk bruk. Resultatet blir tilgjengeleg i kartløysingar som Fylkesatlas, og vil vere rettleiande i samband med arealplanlegging.

Kartlegginga er eit nasjonalt tiltak forankra i Nasjonal strategi for friluftsliv, og folkehelselova. Arbeidet skal følgje Miljødirektoratet sin rettleiar M98-2013 Kartlegging og verdisetting av friluftslivsområder, og fylkeskommunen ved prosjektkoordinator Elisabeth Dahle følgjer opp arbeidet i kommunane. Ei fagleg arbeidsgruppe med Magnhild Myklebust, Kristin Myrold Myklebust og Inger Hilde frå kommunen og Gabriel Ossenkamp frå Keipen turlag, skal samordne og kvalitetssikre registreringa. Det blir ei enkel høyring før ein sluttfører arbeidet.

 
Arbeidsgruppa vil ta kontakt med lag og organisasjonar som kan bidra med lokalkunnskap om friluftslivsområde. Det er alt halde eit møte der 11 grendalag var inviterte, og ein fekk mange innspel. Døme på friluftslivsområde kan vere nærtur-terreng, utfartsområde (dagsturar), badeplassar, akebakkar, grøne korridorar med snarvegar m.v. Alle innbyggjarane er velkomne til å kome med innspel til arbeidet, og frist for dette er sett til 30.08.19. 
 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset