Når vert systemet nytta?
Kommunen informerer no våre innbyggjarar digitalt ved hendingar der det er hensiktsmessig. Det kan vere ved vasstening, stengde vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre forhold som krev rask informasjon.
Korleis finn vi deg?
Det vert nytta tre ulike register for å nå ut med informasjon til deg:
Privatpersonar:
Kontaktinformasjon vert henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi anbefalar deg å legge inn ditt mobiltelefonnummer og di e-postadresse i dette nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste henvendingar frå det offentlege vil hente kontaktinformasjon herifrå, for eksempel angåande sjølvmeldinga. Oppdatering kan du utføre her.
Bedrifter:
Ved varsling av bedrifter vert bedrifta som høyrer til adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter vert henta frå Digitaliseringsdirektoratet / Altinn. Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som undereining hos Brønnøysundregistra.
Tilleggsregister:
Tilleggsregister kan du benytte dersom du ønskjer å motta varslar for ei bedrift eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på.
Har du ikkje blitt varsla?
Er du folkeregistrert på di adresse?
Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon?
Kva kan du gjere?
Oppdater di adresse og meld alltid flytting til folkeregisteret.
Bur du på ein annan stad enn der du er folkeregistrert kan du registrere ditt telefonnummer på di adresse i vårt tilleggsregister. Hugs å endre dette dersom du flyttar. Tilleggsregisteret er konfidensielt og vert kun benytta av din kommune.