Kahoot på 17. mai

Bremanger kommune inviterer alle til å delta på Kahoot 17. mai kl. 16.45

Vi har ein kahoot for dei yngste, den startar vi med kl. 16.45 og ein kahoot for dei vaksne rett etterpå.

 Innlogginga er open frå kl.16.30, vi starta med konkurransen for dei yngste.

 

 Meir informasjon kjem på 17. mai . Det vert direktesending frå Facebook – følg med!

 Vi har sjølvsagt premiar til dei 3 beste i begge konkurransane.

 

Dei som vert nr. 1, 2 og 3 får lik premie 

Etter konkurransen sender desse tre inn namn og telefonnummer på e-post til: Stine.senneset@bremanger.kommune.no

 

Premien for barna er 5 billettar til Mestringsgården klatrepark i Svelgen
Premien for vaksne er medlemskap hjå Carola Buaspa Sol & Helse i Kalvåg

 

 

Slik deltek du

For å kunne delta, må du ha datamaskin og smart-telefon. Vi publiserer ei lenkje på Facebook som du kan følgje kahooten frå.
Vi rår til at du brukar datamaskina til å opne denne lenkja. Der vil du få opp spørsmål og svaralternativ.

På telefonen går du inn på nettsida www.kahoot.it - der svarar du på spørsmåla.

Alle må slå av kamera og mikrofon når de er inne i spelet.

I staden for nicknames/kallenamn - bruk eige namn, då vert det lettare for oss å kåre vinnarar.
Vi håpar dette går etter planen og ynskjer oss alle lukke til!

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset