Informasjonsmøte om fosterheim

Informasjonsmøtet er for deg som ønskjer å vite meir om kva det vil seie å vere fosterheim.

 

Møtet blir onsdag 30. oktober, kl. 18:00-20:00, i Kommunestyresalen på Rådhuset, Granden 4.

Du får møte oss i Fosterheimstenesta og ein fosterfamilie som har vore/er fosterfamilie for fleire ungdom. Fostersysken og tidlegare fosterungdom vil også vere tilstades på møte.

 

Dette får du vite meir om:

  • Kven er desse barna/ungdommane
  • Kva treng dei?
  • Kven kan bli fosterforeldre?
  • Korleis blir du fosterforelder?
  • Kven vert dine samarbeidspartar?
  • Økonomi m.m.

 

Informasjonsmøtet er uforpliktande for deg som møter opp - her har du sjansen til å få informasjon og stille spørsmål om dei mange spennande oppgåvene til fosterfamiliar for unge/ungdom.

 

På forsida til Fosterheimstenesta Sogn og Fjordane kan du blant anna få informasjon om kurs og opplæring og om barn og unge som ventar på fosterheim.

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset