Informasjon frå kultur

Kultureininga har vore gjennom ein aktiv vår med nye oppgåver og utfordringar. Økonomiske rammer, intern kompetanse og forventningar og pålegg er viktige faktorar som er med å legg lista for kor ein skal ha fokus.

Frivilligsentral.

28. mars blei Bremanger frivilligsentral skipa. Leiar i styret er Anita Nybø.

Frivilligsentralen vil framover kartlegge kva for oppgåver og tenester som ein kan sette i gang. Det avhenger av både kva for oppgåver som blir spilt inn, men også kva for ressursar som melder seg undervegs. Ein vil kartlegge kva for møteplassar som finns,  og opprette informasjonskanalar rundt i kommunen.

Ein vil nytte hausten til å knyte kontaktar rundt i Bremanger. Har du innspel til frivilligsentralen kan du kontakte Bodil på epost:  bodil.edvardsen@bremanger.kommune.no

 

Vil du bli frivillig?

Kor mykje tid du vil bruke, og kva du ynskjer å bidra med bestemmer du sjølv.

Du inngår ingen langsiktig avtale – tykkjer du dette er givande, held du fram.

Vil du melda deg som frivillig, eller kanskje du vil vite litt meir?

Kontakt oss uansett! Kom gjerne inn til ein uforpliktande samtale.

 

Barne og ungdomsavdelinga.

Kultureininga har gjort administrative endringar som gjer at tilbodet kring ungdomsklubbane blir annleis kommande skuleår.  Følg med på info frå kommunen, vi vil legge ut nærare info om aktivitetar og  etter kvart.

 

Spelemidlar.

Dei organisasjonane som søkte om spelemidlar før jul, har no fått anten tilsegnsbrev eller avslag frå Fylkeskommunen. Ta kontakt om det er spørsmål rundt vidare prosess. Om ein skal fornye søknad, eller om ein tenker å søke fyrste gong på eit prosjekt denne hausten, er det viktig å be om å få tilsendt føresegn for å kunne sende inn søknad. Søknad om spelemidlar må vere sendt kommunen seinast 15. oktober 2017. Søknad må sendast via skjema som du finner på www.idrettsanlegg.no

 

Søknadar om kulturprosjektmidlar frå Næringsfondet.   

Lag og organisasjonar, samt einskilde personar,  kan søke om kulturaktivitetsmidlar via næringsfondet. Søknadsfrist for neste runde er 1.september. Du finn retningsliner og søknadsskjema på kommunen sine heimesider.  

 

Grotlesanden.

Bremanger kommune har også i år mått ty til mellombelse løysingar for å kome i mål med forvaltninga av Grotlesanden, og sikre tilgjenge for publikum. Bremanger kommune har sett opp sanitæranlegg for sommaren og kultureininga har von om at ein kan få ferdig arbeidet med å få på plass permanente løysingar, kring parkering, tilkomst og sanitærtilhøve før neste sesong.

 

Grotle gamle gravplass.

Gravplassen blir slått to gongar i sommar. Her ligg det og mykje arbeid framover for å få gravplassen restaurert . Bremanger kommune vil jobbe for  å avklare løysingar som kan nyttast for å få ferdig restaureringa av gravplassen.

 

Kulturskulen

Frist for påmelding hausten 2017 er ute, og kulturskulen jobbar no igjennom sommaren med å sy i saman undervisningsplanen for kommande skuleår. Planane skal vere klare til skulestart. Følg med på kulturskulen si heimeside for oppdatert informasjon. https://bremangerkulturskule.wordpress.com

Undervisninga i kulturskulen startar i veke 35, ei veke etter grunnskulen.

 

Bibliotek

Biblioteka tek no sommarferie, men i Svelgen opnar vi 8. august og på Hauge opnar vi i uke 34.

Sommarles prosjektet i sommar vert avslutta 29. august. Alle born i grunnskulealder kan delta.

Har du ikkje vore å sett den nye filialen på Hauge, er den verdt ei vitjing når ho opnar igjen.

 

Kultureininga ynskjer alle ein god sommar!

Publisert av Stine Senneset. Sist endra 10.07.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.
 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

  •  
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset
Login for redigering