Hurtigtest/sjølvtest for Covid

Desse er rådd til å teste seg med hurtigtestar:

  • Personar med nyoppdaga luftvegssymptom, også dei som er vaksinerte.
  • Uvaksinerte nærkontaktar.
  • Målretta jamleg testing av uvaksinerte ved større smitteutbrot.

Dersom du er i prioritert gruppe (sjå ovanfor) ta kontakt med Servicekontoret i Svelgen på tlf. 577 96 300 eller Bremanger sjukeheim på tlf. 959 82 943 for å få hurtigtest. Vi leverer ut mellom kl. 08.00 – 15.00 mandag – fredag. Dei som fyller kriteria for å teste seg, får hurtigtest gratis.

 

Personar som ikkje er i ei prioritert gruppe, men som likevel ønsker å teste seg, kan kjøpe testar på apotek og i enkelte butikkar. Testane må då betalast av den enkelte.

 

Om du testar positivt på korona hurtigtest:
Ta kontakt med legekontoret for å avtale tid for PCR laboratorietest.
Hald deg isolert heime i minst 5 dagar, og til du er feberfri utan febernedsettande i 24 timar.

 

Informasjon frå FHI

Informasjon frå FHI
 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset