Har du innspel til rutetilbodet?

Frå 1. januar 2020 går Sogn og Fjordane inn i nye Vestland fylkeskommune. Det vil framover verte
arbeidd med å utforme det framtidige kollektivtilbodet i den nye fylkeskommunen. Dette er
prosessar som ligg til den nye fylkeskommunen.

I mellomtida har fylkeskommunen behov for å gjere mindre justeringar for å sikre eit fungerande rutesystem, enten
det dreiar seg om å justere for å betre ein korrespondanse, eller for å legge betre til rette for ei
gruppe reisande.

 

Kva betyr det?

Du som brukar av kollektivtilbodet kan derfor kome med innspel til forbetringar av rutetilbodet som skal gjelde frå ruteskiftet juni 2020.

 

Kva kan du gje innspel på?

Du er fri til å foreslå det du meiner det er behov for. Det er likevel verdt å merke seg at dei fleste
rutene i fylket har bindingar. Ruter med skuleskyssfunksjon er i praksis låst, sidan skuleskyssen er ei
lovpålagd teneste. Av andre bindingar kan nemnast korrespondanse med andre ruter og ferjetider.

 

Korleis gje innspel?

Dersom du har innspel til rutetilbodet, skal du sende dei til kommunen. Du kan sende innspel per e-post til post@bremanger.kommune.no, eller per post til Bremanger kommune, postboks 104, 6721 Svelgen.

 

Kommunen sender dine innspel til fylkeskommunen.

 

Frist for innspel er 23. juli.

 

Dersom du vil vite meir om dette, kan du gå inn på fila under.

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset