Hageavfall og framande artar

Mange nyttar det fine vårveret til å rydde i hagen. Det er då viktig at hageavfallet blir handtert slik at vi unngår spreiing av uønska artar i naturen.

Det finst ei rekke framande planteartar i Noreg, som m.a. er importerte til bruk i hager og parkanlegg. Nokre av dei framande artane kan spreie seg og fortrengje artar som naturleg høyrer heime på staden. Spreiing av framande artar er rekna som ein trussel mot naturmangfaldet. Artane som har størst potensiale til å føre til skade på naturmangfaldet står på den såkalla svartelista.

 

For å unngå spreiing av desse artane er det viktig at hageavfall som inneheld frø, plantedelar eller røter frå slike artar ikkje vert lagt i naturen. Dette hageavfallet bør brennast, eller pakkast i sekk og leverast som restavfall på gjenbruksstasjonen. Nokre godt kjende svartelista artar er Hagelupin, Parkslirekne og Rynkerose. Meir informasjon om hageavfall og framande artar kan de finne på Nordfjord Miljøverk si heimeside

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset