Fylkesundersøkinga 2019

Trivsel og deltaking for alle

Denne veka blir om lag 20 000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane inviterte til å svare på spørsmål om blant anna livskvalitet, helse og levekår. Fylkeshelseundersøkinga er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Folkehelseinstituttet.


Dei 20 000 som er valde ut til å delta i undersøkinga, er over 18 år, og alle blir kontakta via anten SMS eller e-post. Fire av dei som svarer på undersøkinga, blir trekte ut og får eit gåvekort på 2000 kr kvar.


Resultata frå undersøkinga skal hjelpe både fylkeskommunen og  kommunane å leggje til rette for gode levevilkår og god likskvalitet for innbyggjarane i fylket. Difor er det viktig at så mange som mogleg svarer. Slik får vi eit best mogleg datagrunnlag. 
 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset