Funksjonshemmede Barns Familieforening

Har du eller nokon du kjenner, eit funksjonshemma barn?

 

FBF – Funksjonshemmede Barns Familieforening er ein interesseorgansisasjon som har heile familien i fokus, ikkje berre det funksjonshemma barnet slik som dei fleste diagnoseforeiningar har. Vi har rom for alle diagnoser, det viktige er å ha møteplassar for familier som våre. Erfaringsutveksling, bygge nettverk med andre i samme livssituasjon ser vi er viktige funksjonar.


Vi har ei aktiv lokalforeining i Møre og Romsdal med over 100 medlemmar. Der blir det arrangert fleire samlingar kvart år; foreldresamling, søskensamling og familiesamlingar i tillegg til turar og aktivitetar i nærområda. Det er foreldre som sjølv har funksjonshemma barn som har starta og som driftar fylkeslaget, og det er stor oppslutning om arrangementa.

 

I Sogn og Fjordane har vi eit lite fotfeste, men ynskjer å utvide aktiviteten her. Vi vil derfor invitere til ei enkel og uformell samling på Lægreid hotell i Sogndal laurdag 27.april kl.15.00
Det blir informasjon om arbeidet i Møre og Romsdal og høve for å melde seg inn i foreininga, 
slik at ein kan få eit aktivt lag i Sogn og Fjordane også.

 

Det blir servert kaffi, saft og litt å bite i.

Hjerteleg velkommen!

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset