Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,9 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2022.

Frivillige lag og organisasjonar kan søke om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er å fremme frivillig aktivitet.

 

Det er opna for søknader og søknadsfristen er 1.september.

 

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret kan søke på ordninga. Frivillig innsats må være ein viktig del av verksemda for å søke. Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2022. Dette gjeld også dei som søkjer via sitt sentralledd. Husk at registrering kan ta litt tid.

 

Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

 

Det kan søkast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjelder ikkje for underledd.

 

Her finn de meir informasjon om ordninga og søknadsskjema: Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset