Framlegg til ny arealdel til kommuneplanen for Bremanger 2022-2034 til 2. gongs offentleg høyring

Framlegg til ny arealdel til kommuneplan for Bremanger kommune vert i samsvar med plan- og bygningslova §11-14 lagt ut til 2. gongs offentleg høyring frå 20.juli til 12.september 2022.

Planframlegget omfattar heile kommunen med unntak av områda Davik, Rugsund-Leirgulen og Botnane, der kommunedelplan fortsatt skal gjelde. Formannskapet vedtok 24.06.2022, sak FSK-060/22, å legge planframlegget ut til offentleg ettersyn med nokre endringar. Endringane er innarbeidd i plandokumenta.

 

Dei som kom med innspel til planen eller merknader ved 1.gongs offentleg høyring har ikkje fått særskilt varsel, men må sjølv gjere seg kjend med korleis innspelet/merknaden er handsama i planen. For arealføremål som er endra eller vidareført frå arealdelen til kommuneplanen frå 2004 og kommunedelplanen for Bremangerbygda frå 2007 er det heller ikkje sendt ut eige varsel til grunneigarar. Vi oppmodar difor alle grunneigarar til å sjå nøye gjennom plandokumenta.

 

Plandokumenta omfattar:

Plankart (vel «Kartlag» og «Kommuneplan forslag»)

Føresegner med vedlegg, datert 20.07.2022 (PDF, 3 MB)

Planomtale Kommuneplan for Bremanger Arealdelen 2022-2034, revidert 19.07.2022 (PDF, 3 MB)

KU-vurdering med ROS, revidert 19.07.2022 (PDF, 35 MB)

Vurdering av reguleringsplanar KPA 2022, 15.07.2022 (PDF, 2 MB)

Tabell for endringar utan fullstendig KU, revidert 12.07.2022 (PDF, 2 MB)

Kjerneområde landbruk – Bremanger kommune (fagrapport) (PDF, 2 MB)

Saksframlegg med vedtak frå sak FSK-060/22 (PDF, 6 MB)

Merknader til arealdelen til kommuneplan, etter 1. gongs offentleg høyring - datert 16.06.2022 (PDF, 13 MB)

 

Planframlegget blir gjennomgått på folkemøte i Svelgen for området Nesbø-Sørgulen, på Hauge for området Kalvåg-Grotle-Berle og i Ålfoten for området Ålfoten-Elde.

 

Svelgen: Bremanger rådhus, kommunestyresalen: Tysdag 16.august kl. 17.30

Hauge: Haugetun, lokale i kjellaren: Onsdag 17.august kl. 17.30

Ålfoten: Ålfottunet, møterommet: Torsdag 18.august kl. 17.30

 

Vel møtt!

 

Eventuelle spørsmål til plandokumenta kan rettast til kommunen v/plan og forvaltning.

 

Merknader til planen må vere skriftlege og sendast til Bremanger kommune på e-post eller som ordinær post innan 12. september 2022.

 

Post: Bremanger kommune, Postboks 104, 6721 Svelgen

Telefon (sentralbord):  57 79 63 00

E-post: post@bremanger.kommune.no

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset