Forbod mot brenning

Frå 12. april 2019 er det totalforbod mot å gjere opp eld utandørs

No er det stor fare for gras- og lyngbrann, og brannsjefen innfører difor totalforbod mot å gjere opp eld utandørs.

 

Kva tid gjeld forbodet?

Forbodet gjeld frå 12. april 2019 og til brannvesenet opphever forbodet. 


Kva betyr det?


Du kan ikkje utføre desse handlingane: 

  • brenne bål i skogen, eller nærleiken av skog og utmark
  • grille eller brenne bål i strandsona
  • sette fyr på hageavfall
  • nytte eigongsgrill eller annet utstyr som kan bidra til å starte brann

 

Du kan gjere opp eld dersom det ikkje kan medføre brann. Dette gjelder for eksempel ved etablerte bålplasser, grilling på eigen veranda og andre stader som er heilt trygge.

 

Kva er dine plikter?

 

Alle har ei generell plikt til å vere forsiktig og unngå brann. Det er derfor viktig at du passar ekstra på når du gjer opp eld utandørs, uavhengig av sesong eller forhold. 

Det er òg viktig å respektere reglane som gjeld ved totalforbod mot eld. 

Uforsiktig omgang med eld, som til dømes bålbrenning og grilling, er den hyppigaste årsaka til skogbrann.

 

Har du spørsmål?
 

Kontakt Robert Endestad, Brannsjef i Flora og Bremanger kommune, på tlf. 90124335 eller e-post: robert.endestad@flora.kommune.no

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset