Feiing på hytte

Tidlegare var det slik at hytteeigar sjølv skulle syte for at pipe og skorstein blei kontrollert og feia regelmessig. Etter ny forskrift om brannførebygging skal alle hytter med fyringsanlegg feiast/ kontrollerast på lik line med hus.

Den einskilde hytteeigar har meldeplikt til det lokale brannvesen om at ein har fyringsanlegg på hytta/fritidsbustaden, om tilstand på pipe og fyringsanlegg, og om ein installerer ny eldstad. Feiaren si risikovurdering avgjer kor tid og kor ofte det er behov for feiing og tilsyn.

 

Gebyr

Kommunestyret fastset årlege gebyrsatsar for lovbestemt feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Gebyrfastsettinga er basert på prinsippet om sjølvkost.

Gebyrplikta er ikkje knytt til tidspunktet for kor tid feiing og tilsyn vert gjennomført, men gjeld årleg - uansett om tenesta er utført det året.

 

Gebyrfritak

Føresetnaden for gebyrfritak er at fyringsanlegg ikkje er i bruk. Tilfredsstillande sikring mot bruk skal vere eit fysisk skilje av den varmeproduserande eininga (eldstad) og skorsteinen. Dette skal skje ved å fjerne røykrøyrstilkoplinga og mure igjen holet i skorsteinen. Når tilfredsstillande sikring er gjennomført og kontrollert av feiaren, får ein fritak frå å betale gebyr. Feiar skal føre tilsyn med at fyringsanlegget ikkje er i bruk og er tilfredsstillande sikra mot bruk. 

Eigar eller brukar av fyringsanlegget må sende skriftleg søknad om fritak for feiing når fyringsanlegg ikkje er i bruk (eldstad er kopla frå skorsteinen).

 

Obs! Ein skorstein vert rekna for å vere i bruk dersom det står minst ein eldstad tilknytt skorsteinsløpet i ein etasje.

Dersom eigar eller brukar ikkje melder i frå om installasjonen eller tilkopling av eldstad, kan kommunen krevje etterbetaling for feiing og tilsyn for inntil 3 år.

 

Har du spørsmål, ta kontakt med:

  • Avdelingsleiar Geir Sagevik, tlf. 901 13 010

 

Avdeling Florø og Bremanger 

  • Feiar Malin Skorpeide      tlf. 415 30 147

 

Avdeling Måløy

  • Feiermester Aurimas Telsinskas, tlf. 900 57 358 
 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset