Er du eigar av eit verna kulturminne?

Eigarar av regionalt verdifulle kulturminne i Bremanger kan søke tilskot!

Klikk for stort bilete Tilskotet skal gje tilskot til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg, men kan også nyttast til andre tiltak i kulturminneplan som kurs og formidling.

 

Søknadsfrist til Bremanger kommune er 20. februar 2020.

 

Hovudutvalet for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune vedtok 12.11.19 nye retningslinjer for tilskotsordninga «Verna kulturminner».


Tilskotsordninga sitt føremål er å minimere tapet av verneverdige kulturminne gjennom å støtte kommunar som tek ansvar for å identifisere, verdsetje og forvalte verneverdige kulturminne- i tråd med nasjonale og regionale mål. Ordninga skal stimulere til auka innsats på kulturminnefeltet og styrke vern av prioriterte kulturminner av lokal og regional verdi.


Planlegg du å setje i stand verneverdige kulturminner prioritert av kommunen, regulert til bevaring/omsynssonevern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha regional verdi, kan du søkje inntil 50 % tilskot av totalkostnaden.


Spørsmål angåande søknad kan meldast til Bremanger kommune v/Reidun Øvrebotten (rådgjevar kulturminner) på e-post Reidun.Ovrebotten@bremanger.kommune.no eller tlf. 971 04 030.

 

Kulturminnefondet gjev tilskot til private eigarar som vil ta vare på: buplassar, hus og bygningar, båtar og fartøy, hageanlegg og kulturlandskap. På søkeportalen til Kulturminnefondet kan du søkje når som helst!  
 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset