Emigrasjonsmesse

Bremanger viser seg fram på emigrasjonsmesse i Nederland.

Helga 9.-10. februar vart den store emigrasjonsmessa i Nederland, Emigration Expo arrangert.
Dette er den største emigrasjonsmessa i Europa, og er blitt eit møtepunkt for heile tilflyttarbransjen verda over. 

 

Emigration Expo har over 200 utstillarar, og ca 11.000 personar er innom messa i løpet av desse to hektiske dagane. Dei besøkande kjem stort sett frå Nederland, Tyskland og Belgia. Norge er på 27. plass på lista over populære emigrasjonsnasjonar i Nederland, 

 

Gloppen og Bremanger kommune samarbeider om rekruttering av nye tilflyttar til våre kommunar, og stillte med felles stand på messa. 
Standen hadde mykje besøk begge dagane, og sjølv om vi konkurrerte mot andre norske kommunale standar som Bodø, Fauske, Saltdal og Steigen - så hadde vi besøkande som stod i kø for å snakke med oss. Fleire ambassadørar var også innom messa, og Marcel hadde mellom anna ein prat med den norske ambassadøren i Nederland som var interessert i å høyre meir om vår rekrutteringsbehov.
Dei som er interesserte i Gloppen og Bremanger er ofte natur- og friluftaentusiastar som gjerne ynskjer å busette seg i rolege omgjevnadar langt vekk frå det hektiske bylivet. Fleire av dei som var innom standen kjem til Bremanger på orienteringsbesøk i løpet av året!  Då håper vi at dei vert enda meir inspirert, og vågar å gjere alvor av flytteplanar.

 

Skandinaviske ambasadørar - Klikk for stort bilete  
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Marcel Meijer og den Norske ambassadøren i Nederland - Klikk for stort bilete

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset