Eigedomsskatt

Bremanger Kommunestyre har vedteke utskriving av eigedomsskatt for 2024.
For bustad og fritid vert botnfrådrag pr. bueining sett til kr 250.000,- og skattesats til 3,0 promille.
Nærig, Energianlegg og anlegg i sjø har skattesats 7,0 promille.

Eigedomsskattelista til offentleg gjennomsyn

Eigedomsskattelista vert lagt ut til offentleg gjennomsyn på Rådhuset i Svelgen i 3 veker frå 1. mars 2024.
Lista syner alle skattepliktige eigedomar gjennom matrikkelnummer, skattetakst, skattesats og utrekna skattesum.

 

Klage på eigedomsskatten

Klagefristen er 6 veker frå kunngjeringsdato. Klagefrist: 12 april 2024. 

 

Søksmål om gyldegheit av vedtak kan ikkje reisast utan at klageadgong vert nytte
jfr, forvaltingslova § 27 b.

 

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.

 

Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan 6 veker. 
 

 

Skatteetatens berekna marknadsverdi

Det er ikkje lenger naudsynt å sende klage til Skatteetaten. Du kan sjølv endre grunnlaget for eigedomsskatten i skattemeldinga. 

 

Kommunal takst

Eventuell klage etter kommunale takster skal rettast til eigedomsskattekontoret.
Klage skal sendast skriftleg pr. e-post til eigedomsskattekontoret innan 6 veker frå kunngjeringsdato, 12. april 2024,
eller frå det tidspunkt skattesetelen vert utsendt.

 

Det kan ikkje klagast på same grunnlaget meir enn ein gong.

 

Pr e-post:  eskatt@bremanger.kommune.no
Pr post:  Bremanger kommune, Postboks 104,  6721 Svelgen
Send klagen elektronisk her. 

 

 

Konsesjonspliktige eigedomar

Eigedomar med konsesjonsplikt har fått reduksjon i eigedomsskatten på 50%.
Bruk som er konsesjonspliktige iht andel av felles utmark vil ikkje framkomme av listene frå Norsk eigedomsregister.  Eigar plikatar sjølv å levere dokumentasjon til Bremanger Kommune for å få rett til reduksjon i eigedomsskatten

 

 

Utsetting, nedsetting eller ettergjeving av eigedomsskatt

Skattytar kan søkje skatteinnkrevjaren om kortvarig utsetjing med betaling av utlikna eigedomsskatt, og formannskapet om langvarig utsetting, nedsetting eller ettergjeving. 

 

Ein grunn til nedsetting eller ettergjeving kan være at skattyter på grunn av sjukdom har fått reduserte inntekter og i tillegg ikkje har formue å betale eigedomsskatten med. Eit anna eksempel kan være brann eller annen øydelegging av bygningen før omtaksering. Utsetting kan for eksempel være aktuelt til eit dødsbu er overtatt til privat skifte eller det er opna offentleg skifte.

 

* Heimel i lov av 1975-06-06 nr 29, Lov om eigedomsskatt til kommunane § 15,

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Vakttelefon kommunalteknikk
    tlf. 95 98 29 99
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset