Eigarar av fritidsbustader i Bremanger kommune

Bremanger kommune vil gjere alle eigarar av fritidsbustader i kommunen merksam på at det er innført eit lovkrav om feiing og tilsyn i alle fritidsbustader med skorstein og eldstad. 

Forskrifta tredde i kraft 01.01.2016, og fritidsbustadane blir no registrert inn i ordninga. De vil såleis bli fakturert med årleg gebyr for feiing/tilsyn. Gebyret er fastsett av kommunestyret etter sjølvkostprinsippet. Gebyr blir sendt ut kvart år, uavhengig om det blir gjennomført feiing og tilsyn dette året.

 

Utdrag frå forskrifta:

Forskrift om brannforebygging

§ 17 Feiing og tilsyn med fyringsanlegg
Kommunen skal sørge for at røykkanaler i fyringsanlegg som brukes til oppvarming av byggverk*, blir feiet ved behov. Feiingen skal utføres på en faglig tilfredsstillende måte som medfører minst mulig ulempe for eiere og brukere. Etter feiingen skal feieren sørge for at all sot blir fjernet og brakt til egnet sted. 
Kommunen skal sørge for at det ved behov blir ført tilsyn med fyringsanlegg som brukes til oppvarming av byggverk. Kommunen skal sørge for at det blir ført tilsyn med fyringsanlegget etter brann eller eksplosjon i eller i tilknytning til fyringsanlegget.

 

Veiledning til forskriften
* Bestemmelsen gjelder i hovedsak boliger og fritidsboliger, selv om også eksempelvis verksteder, drivhus, lager, industri m.m. også kan varmes opp på denne måten.

 

 

Feiing og tilsyn
Feiing og tilsyn vil bli utført av Kinn samtidig ved besøk i fritidsbustaden din. Frekvensen vert lagt opp etter behovet, og er avhengig av bruk, fyringsvanar og tilstand på fyringsanlegget. Dette vil vere frå årleg feiing til kvart 8. år. Eventuelle avvik blir på fyringsanlegget blir følgt opp, og det vert gjeve ein frist for utbetring. Ved manglar og avvik som medfører brannfare ved bruk, kan det bli gjeve fyringsforbod til avviket er retta.

 

Eigar sitt ansvar
Før feiaren kjem, må eigar syte for at det er nokon til stades for at tilsynet kan gjennomførast samtidig. For å kunne gjennomføre feiing, må stige leggast fram, og takstige må vere forskriftsmessig montert der det er behov.

 

Bestilling / avtaler
Kinn brannvesen utfører tenesta for Bremanger kommune, og dei vil utføre feiing/tilsyn områdevis. Dersom tidsrommet dei er i området ikkje passar, kan du avtala eit passande tidspunkt ved å kontakte feiaravdelinga. Eventuell meirkostnad ved besøk utanom dette tidsrommet, vil bli dekka inn med eit ekstragebyr.

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
     
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Brannvakt: tlf. 48 22 36 27 
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset