Draumeplassen

Draumeplassen - Klikk for stort bilete

I år gav Gjensidigestiftelsen støtte til Draumeplassen i tre nye fylke.  
Dei fire fylka som arrangerer Draumeplassen-konkurransen 2019 er Troms, Møre og Romsdal, Østfold og Sogn og Fjordane. 

 

Det er 4H Sogn og Fjordane som står bak Draumeplassen, der fem lokalmiljø kan vinne kr 100 000,- kvar og få prosjekthjelp til å skape ein naturmøteplass.

 

Draumeplassen har som mål at det blir etablert fleire møteplassar i nærnaturen. Møteplassane vil auke folkehelsa, gje læring, skape meistring og spreie smilande naturglede. Draumeplassen vil vere open og tilgjengeleg, og gjerne universielt tilrettelagt.
Lokale lag og organisasjonar kan no søkje om å bli ein av fem vinnarar, som kvar vil få tildelt 100 000 kroner, samt prosjekthjelp til å realisere sin naturmøteplass.

 

Her finnast meir informasjon om konkurransen, søknadsskjema, mal for skildring av naturmøteplassen, mal for budsjett og kriterie for vurdering av søknaden. På heimesida kan de også laste ned ferdige byggjepakkar som inneheld teikningar, material-lister, budsjett og tips til bygginga. 

 

Det er fjerde gong Draumeplassen vert lyst ut i Sogn og Fjordane, og konkurransen i år har søknadsfrist 15. mai. 
4H har positiv erfaring med å skape naturmøteplassar i samarbeid med lokale aktørar og Gjensidigestiftelsen, og håpet er at konkurransen vil verte nasjonal.
 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset