Døde eller sjuke villfuglar og andre dyr
Har du oppdaga døde eller sjuke fuglar og andre dyr, og mistenker fugleinfluensa? Meld frå til Mattilsynet.
Meld frå ved å sende e-post til innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no
Mattilsynet ønskjer melding om desse artane:
- Andefuglar (ender, gjess og svanar)
- havsuler
- måsefuglar
- vadarar
- rovfuglar (spesielt ørn og musvåk)
- åtseletarar (kråkefuglar)
- småfugl (kun ved mange døde fuglar på eit lite område)
- rovdyr (primært observasjon av sjuke eksemplar av raudrev, fjellrev, artar i mårdyrfamilien, gaupe, sjå symptom)
- sjøpattedyr (ønskjer primært melding om observasjon av sjuke eksemplar av steinkobbe og havert, sjå symptom)
Meldinga til Mattilsynet må ha informasjon om:
- kommune, postnummer, adresse og helst også kartreferanse (som du kan finne i kartfunksjonen på mobiltelefonen din)
- kva art det gjeld
- kor mange fuglar det gjeld
Ikkje ta på fugl eller andre dyr som er døde. For meir informasjon, gå inn på Mattilsynet sine sider her.
Publisert av Kristoffer Mandelid Totland
Publisert 03.08.2023 09.04
Sist endra 03.08.2023 09.05