Digitalisering av fakturautsendingar

Bremanger kommune har innført ny rutine for distribuering av fakturaer for å auke graden av digitale utsendingar. Dette for å lette arbeidet både for oss, og for dykk som mottek fakturaer. Den nye forma for utsending betyr også ein ny fakturablankett.


Den nye løysinga betyr at alle faktura blir sendt digitalt, via AvtaleGiro, eFaktura, Vipps Regning, digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i ein e-post. Hvis dette ikkje er mogleg blir fakturaen levert som papirfaktura i postkassa di.

 
AvtaleGiro
Dersom du som kunde har AvtaleGiro, vil også belastningsoppgåva bli sendt digitalt. Den nye fakturablanketten vil ikkje ha nokon girodel til brevgiroen. Ei god løysing for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysingar vil då være å opprette AvtaleGiro, då får du tilsendt belastningsoppgåva i posten.

 

eFaktura
eFaktura er den mest brukte distribusjonskanalen, som bankkunde opprettar du eFakturaavtale i din nettbank/banken. eFaktura sikrar at fakturaen kjem raskt fram, og at den er ferdig utfylt så du slepp å taste kontonummer, KID og beløp. Du godkjenner sjølv.

 

Faktura via Vipps 
Gjennom den nye løysinga har vi no moglegheit å tilbyde Vipps eFaktura. Dette forutset at du nyttar Vipps. 
NB: ved kunden sin inngåing om avtale av Vipps aktiverast Vipps eFaktura automatisk inne i appen under «rekningar og eFaktura». Om dette ikkje ønskast må «valet» takast vekk.

 

Faktura i Digipost / eBoks
For å motta faktura på Digipost/eBoks må du ha oppretta ei digital postkasse med ein av desse leverandørane. Dersom du allereie har avtale om eFaktura eller avtalegiro med kommunen ser vi helst at du brukar ein av desse framfor Digital Postkasse.

 

Faktura som vedlegg i e-post
Ønskjer du å få fakturaen tilsendt som eit PDF-vedlegg til e-post, kan du kontakte oss for å få registrert e-postadressa di i vårt system.
Vi må presisere at dersom du har andre digitale kanalar som avtalegiro, eFaktura, Vippsfaktura eller Digital postkasse, ser vi helst at du brukar desse framfor e-post.

 

Faktura levert i postkassa
Dersom vi ikkje får treff i nokon av dine digitale kanalar, vil fakturaen bli levert i postkassa på same måte som tidligare, og den einaste skilnaden du vil merke, er at utsjånaden på fakturaen er noko endra. 
Den nye blanketten har ikkje girodel nedst, så om du ønskjer å nytte brevgiro må du fylle ut ein tom giroblankett. Tome giroblankettar får du i banken, eller på rådhuset/servicekontoret i kommunen. På rådhuset/servicekontoret kan du også få hjelp til utfylling av giro, om du ønskjer det.
  
 

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset