Datainnsamling

Til brukarar av legevakt og ambulanse

 

Helse- og omsorgsdepartementet ynskjer å prøve ut ein ny modell for organisering av legevakt i små- og mellomstore kommunar.

Modellen skal prøvast ut i ditt distrikt. 
For å måle effekt av den nye organiseringa treng forskarane i prosjektet informasjon om befolkninga som nytter legevakt- og ambulansetenesta.


Difor vert det i perioden mars 2019 til desember 2020 gjennomført ei datainnsamling frå legevakt- og ambulansetenesta i ditt distrikt. Data som vert innsamla gjeld din kontakt og bruk av legevakt- og/eller ambulansetenesta.

 

Alle data vil verte sletta etter prosjektslutt.

 

Regional etisk komité har godkjend innsamling av opplysningane. Opplysningane vil verte handsama i tråd med reglar om personvern og teieplikt.

 

Dersom du ikkje ynskjer at opplysningar som gjeld deg skal nyttast i dette prosjektet kan du trekke deg utan å gje grunn. Du må då kontakte oss direkte.

 

Det vil i den same perioden og bli gjennomført frivillige, anonyme brukarundersøkingar. 


Om du har spørsmål eller ikkje ynskjer å delta, ta kontakt på:
e-post: assp@norceresearch.no
tlf: 56 10 73 01

 

Meir informasjon om prosjektet og dine rettar finn du her:
http://uni.no/nb/uni-helse/nasjonalt-kompetansesenter-for-legevaktmedisin/pilot-legevakt/

 

 

Med helsing

 

Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt 
Kommunane Askvoll, Hyllestad, Fjaler, Gaular, Førde, Naustdal. Jølster, Balestrand,
Bremanger og Høyanger 
Nasjonal kompetansesenter for legevaktmedisin (NKLM)

 
  • Bremanger kommune
  • Tlf:   57 79 63 00, Fax: 57 79 12 49 
    E-post: post@bremanger.kommune.no
  • Opningstid måndag til fredag:
    kl. 08.00 - 15.30
  • Postdresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen
     
  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95982999
    Ytre, tlf. 95988712
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset