8. klasse - Avfallssortering

8. klasse ved Svelgen Oppvekst vart i forrige veke utfordra av kommunen til utføre eit oppdrag for oss. Elevane fekk i oppdrag å gjennomføre ei plukkanalyse og haldningskampanje for betre avfallssortering. 

Måndag møtte ordførar Anne Kristin Førde, og kommunalsjef for Samfunn og Utvikling Karl Vidar Førde 8. klasse elevane som hjelpte oss med følgjande:

  • Gjennomføre ei plukkanalyse av restavfallet på skulen ein dag.
  • Lage ein haldningskampanje med fokus på å redusere avfallsmengde og å kjeldesortere rett. Kampanjen skal kunne brukast både på skulen og på andre bedrifter i kommunen.
  • Designe ein sorteringsstasjon for større bedrifter, som td skulen.
  • Delta på fjærerydding.

 

Elevane la fram arbeid sitt på ein strålande måte, og kom med gode forslag til kjeldesortering på skulen. Dei har utarbeida gode brosjyrer for avfallssortering, og peikar på effekten ved å sortere bosset betre.


Vi takkar 8.klasse for godt gjennomført oppdrag, og ynskjer dei lykke til med rydding i fjæra saman med Fjordane Friluftsråd på Liset i Kalvåg på fredag.

 


 

 

 

  • Postadresse:
    Bremanger kommune
    Rådhuset
    Postboks 104
    6721 Svelgen
  • Besøksadresse:
    Bremanger kommune
    Granden 4
    6723 Svelgen

 

  • Teknisk vakt
    Indre, tlf. 95 98 29 99
    Ytre, tlf. 95 98 87 12
  • Organisasjonsnummer: 959 318 166
  • Kommunenummer: 4648
  • Kontonummer: 3776 07 50035
  • Ansvarleg redaktør: Stine Senneset