Vassforsyning Svelgen

Svelgen Vassverk er sidan tidleg laurdag, forsynt frå Svelgsvatn. Normal vassforsyning er Hjelmevatn.

Svelgsvatn har noko meir farge på vatnet enn Hjelmevatn, og vi har fått fleire meldingar om dette. Vatnet blir no tilsett klor i tillegg til UV desinfeksjon, og er vurdert til å vere trygt.

Det er forventa at Svelgen vert forsynt frå Hjelmevatn igjen, i løpet av kommande veke, og at kvaliteten då er tilbake til normalen.