Ungdomsrådet si hovudoppgåve er å sette seg inn i og gje innspel i saker som angår barn og ungdom i kommunen. Ved å sette seg inn i og gje innspel i saker som angår barn og ungdom kan ungdomsrådet hjelpe politikarane med å forstå kva som er viktig for barn og unge som bur i Bremanger kommune.
Korleis melder eg mi interesse?
På ungdomsskulane er det eigne val. Pass på at du melder di interesse når det er aktuelt
Er du ungdom i alderen 16-19 år (ferdig med grunnskulen, ikkje fylt 19 år) må du bruke søknadsskjema som du finn under.
Søk om å bli medlem i Ungdomsrådet
Søknadsfrist: 1. oktober
Ungdomsrådet skal ha 7 medlemmar og medlemmane skal på valtidspunktet vere frå 13 år og ikkje ha fylt 19 år (jf. Kommunelova § 5-12, 3.avsnitt). Den som vert valt må ha adresse i Bremanger kommune, men treng ikkje å bu i Bremanger kommune. Begge kjønn skal vere representert med minimum 40%. Medlemmane i rådet blir valt for inntil to år om gangen.
Kommunestyret vel medlemane i Ungdomsrådet etter framlegg frå elevråda i kommunen og samansetnaden skal vere etter følgjande fordeling:
- 1 til 2 representantar frå Svelgen oppvekstsenter
- 1 til 2 representantar frå Hauge oppvekstsenter
- 1 til 2 representantar frå Davik oppvekstsenter
I tillegg skal det vere
- 1 til 2 representantar frå ungdom i alderen 16 -19 år (ferdig med grunnskulen, ikkje fylt 19 år).
Desse må søkje om å få vere med i Ungdomsrådet.
Som medlem i Ungdomsrådet forventar vi at du deltek på rådsmøta for å seie di meining. At du stiller førebudd til møta, har respekt for dei andre medlemmane og at du gjev beskjed dersom du ikkje kan kome.
Som medlem i Ungdomsrådet har du rett til fri frå skulen eller fri frå jobb, dekking av utgifter til reise, møtebetaling (etter det som til ei kvar tid gjeld for godtgjering i Bremanger kommune). Som medlem i Ungdomsrådet har du plikt til å delta på rådet sine møte.